Basekontrakt til Saga Fjordbase

2018_06_Saga_Fjordbase.jpg

Basekontrakta for Nova, tidlegare kalt Skarfjell er denne veka tildelt Saga Fjordbase

Saga Fjordbase AS er tildelt rammeavtale med Wintershall Norge AS for levering av alle basetenester til produksjonsboringane på Nova og Vega felta, samt eventuell leiteboring i området. Saga Fjordbase vil då styre all aktivitet for Wintershall knytt til disse felta.

Wintershall planlegg å bore tre nye produksjonsbrønnar på Vega og seks produksjonsbrønnar på Nova. Det er venta at den hektiske boreperioden vil strekke seg frå tredje kvartal i 2019 og halvanna år framover.

Organisert og effektiv base

«Saga Fjordbase har alltid vore ein meget godt organisert og effektiv base, og er blitt enda meir effektiv etter utbygging av området og omorganiserings av organisasjonen. I tillegg kan basen tilby heile spekteret av nødvendige leveranser for våre operasjoner» seier leiar for logistikkavdelinga i Wintershall Arne Kjetil Nilsen.

Underleverandør Subsea 7 skapar aktivitet

Ein av underleverandørane som har fått store kontraktar på Nova feltet er Subsea 7. Dei er blitt tildelt kontrakt for røyrledningar og havbunnskonstruksjonar. På Maritim Forening Sogn og Fjordane sin leverandørdag i April opplyste Subsea 7 at også dei i stor grad vil nytte Fjord Base når dei skal installere havbunnsrammer, produksjonsrøyrledninger og kontrollkablar.

Gasta Design