Meir subsea-aktivitet på verftet

2018_05_Happy_sky.jpg

Meir subsea-aktivitet på verftet

Westcon Yard Florø er blitt mobiliseringsbase for Visund Nord

Visund Nord, som starta produksjon i 2013, er eit olje og gassfelt med undervassutbygging til Visund A plattforma. Fredag kunne Firdaposten melde at Westcon Yard Florø er blitt mobiliseringsbase for feltet. Dette kjem som følgje av ein avtale Westcon inngikk med Technip og Equinor i 2016. Verftet produserer blant anna røyrkonstruksjonar kalla «spools» til Visund.

18 mai kom det 155 m lange tungløftsskipet «Happy Sky» til verftet. Skipet er utstyrt med to kraner som kvar kan løfte heile 900 tonn. «Happy Sky» hadde subseautstyr om bord som skal mellomlagrast ved Westcon Yard Florø. Der skal det ligge til eit konstruksjonsskip hentar og fraktar det til Visund Nord feltet i sommar.

Aktivitet for verftet og ringverknader for lokale leverandørar

Ronny Kjerpeseth ved Westcon Yard Florø fortel at mellomlagring av subseautstyret vil medføre meir aktivitet enn ein kanskje trur. I tillegg til transport, bruk av kraner og truckar kan det dukke opp ikkje-planlagde småjobbar som mindre modifikasjonar på strukturane eller arbeid for konstruksjonsskipa som kjem inn. Ikkje minst er det viktig å få fram at slike oppdrag kan ha store ringverknader for andre leverandørar. Westcon har allereie hatt to skipsanløp med subseautstyr og venter seks anløp til i år. Dette er noko lokale tenesteleverandørar vil merke, ved auka trafikk over Florø Hamn. Det blir også auka behov for overnatting og ved mannskapsbytte vil ein få meir aktivitet ved lufthamna.

Sjå også artikkel i Firdaposten (+sak) her

Gasta Design