Vårt berekraftsarbeid

Hub for Ocean støttar FNs berekraftsmål og vi har eit medansvar for at verda når FNs berekraftsmål. Vi har identifisert og valt ut dei 6 måla vi vil fokusere på.
Som medlemsorganisasjon for aktørar i havnæringa kor over 60 medlem representerer heile verdikjeda knytt til havrommet er Hub for Ocean ein døråpnar til havnæringa.
Vi fokuserer på å skape gode møteplassar kor ein kan dele kunnskap om moglegheiter, behov og løysingar, samt å legge til rette for samarbeid på tvers av aktørar som kan føre til berekraftig nyskaping og vekst.

 

Havrom2050

Hub for Ocean har oppretta eit program for å bistå den maritime industrien i overgangen til ei berekraftig framtid, som vi har valt å kalle Havrom2050.

Programmet er retta direkte til medlemsbedrifter i Hub for Ocean, deira underleverandører og samarbeidspartnarar. Med denne satsinga ynskjer vi å auke berekraftsfokus og synlegheit av medlemsmassen sitt arbeid med berekraft.

Vi har no lansert ein ressurspakke som gir ei generell innføring i berekraft og kva det betyr for deg og di bedrift, konkrete metodar til å sette i gong berekraftsarbeid og case studiar frå næringslivet.

Ressurspakken er tilgjengeleg for medlemmar gjennom vårt medlemsområde.

Vi arrangerer workshop’ar for å gje ein introduksjon til korleis ein i eiga bedrift kan arbeide med klimareknskap, sirkulærøkonomi samt kommunikasjon rundt berekraft.

Prosjektet har fått støtte fra Sparebankstiftelsen Sogn og Fjordane.

Ynskjer du å vete meir om Havrom2050 og få veiledning i ditt berekraftsarbeid?
Ta kontakt!

Stein Kvalsund

COO
+47 976 98 785
stein(a)hubforocean.no

Linkedin

 
 

Korleis Hub for Ocean arbeidar med:

  • “Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremme moglegheiter for livslang læring for alle.”

    • Vi arbeidar aktivt med å kople studentar til relevante medlemsbedrifter og bistår i som veileder i studentoppgåver.

    • Vi samarbeidar med universitet og høgskular for å gje studentane tilgang til arrangementa våre, blant anna ein internasjonal Hydrogenkonferanse som vi arrangerer årleg.

    • Vi er i jamnleg kontakt med forskningsmiljø i samband med ulike prosjekt.

    • Personar frå forskningsmiljøet står ofte på programmet når vi lager arrangement for næringslivet.

 
  • “Oppnå likestilling og styrke jenter og kvinner si stilling i samfunnet.”

    • Hub for Ocean arbeider aktivt for å fremje likestilling, både i eigen organisasjon og ved å stimulere til likestilling av kvinner og menn i rekrutteringssituasjonar hos våre medlemsbedrifter.

    • Likestilling er eit rådande prinsipp i rekruttering av nye arbeidstakarar

    • I kraft av sin kunnskap og kompetanse har begge kjønn sjølvstendige og ansvarsfulle oppgåver retta mot medlemsmassa.

    • Lik lønn for likt arbeid-prinsippet står sentralt i organisasjonen.

 
  • “Fremme varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetting og anstendig arbeid for alle.”

    • Medlemsbedriftene nyttar oss ofte som ein sparringspartner når dei ser på nye forretningsmoglegheiter. Vi koplar bedrifter saman med potensielle samarbeidspartnarar og kunder. Vi tipser om korleis nye prosjekt kan finansierast og sikrast. I ein del tilfelle bistår vi også som prosjektleiar i innovasjonsprosjekt.

    • Vi informerer våre medlemmer om kor dei kan søke økonomisk og fagleg støtte til innovasjonsprosjekt som aukar berekraft og bidrar til fleire arbeidsplassar i bedrifta.

    • Vi synleggjer når medlemsbedrifter har ledige stillingar og trainee-stillingar for å inkludere dei unge i arbeidsmarknaden.

    • Ved å arrangere og synleggjere webinar om blant anna økonomisk bistand, kunnskapsformidling og utvikling til våre medlemmer.

    • Vi arbeider aktivt for å oppheve koplinga mellom økonomisk vekst og miljøøydeleggingar. Vi synleggjer innovasjon hos våre medlemsbedrifter på hubforocean.no og gjennom våre kanalar på sosiale media.

 
  • “Sikre berekraftig forbruks- og produksjonsmønster.”

    • Vi starta prosjektet Havrom2050 nettopp for å bistå den maritime industrien i overgongen til ei berekraftig framtid kor vi arrangerer workshops og tilbyr ein ressurspakke med konkrete metodar for å igongsette berekraftsarbeid og med case studier frå næringslivet.

    • Vi har laga ein berekraftsrettleiar for arrangement, slik at vi enklare kan ta gode val når vi har fysiske arrangement som til dømes lunsjmøter og nettverkssamling.

    • Vi synleggjer innovasjon, satsingar og tiltak hos våre medlemmer.

    • Vi arrangerer berekraftsworkshops for våre medlemmer og andre opne arrangementsom aukar kunnskap og bidrar til kunnskapsdeling.

    • Vi er ein igangsetter av innovasjonsprosjekt som skal bidra til auka berekraftig forbruk- og produksjonsmønster hos våre medlemmer.

    • Vi ønskjer at kontorlokala våre skal vere så berekraftige som mogleg. I Januar 2023 flyttar vi til BREEAM-sertifiserte bygget på Fugleskjærskaia i Florø. BREEAM er Norge sin einaste metode for sertifisering av berekraftige bygg.

    • Vi printar minimalt og sorterar avfallet vårt.

    • Vi formidlar informasjon og oppfordrar våre medlemmer til å delta på workshops og satsingar innan berekraftig utvikling.

 
  • “Handle umiddelbart for å bekjempe klimaendringane og konsekvensane av dei.”

    • Gjennom vårt berekraftsarbeid og -strategi setjer vi berekraft på dagsordenen internt og blant våre medlemmer. Vi har laga ein rettleiar for å gjere arrangementa i Hub for Ocean meir berekraftige. Ambisjonen er å fjerne dei negative konsekvensane av arrangementa, og samtidig forsterke dei positive effektane. Vi jobbar systematisk med å gjere forbetringar innan innkjøp, transport, servering og påverknad på lokalsamfunnet.

    • Vi arbeidar kontinuerleg mot ein meir berekraftig forretningsmodell som både ivaretar dei sosiale aspekta og dei miljømessige aspekta av berekraft.

    • Vi arbeidar kontinuerleg for å formidle kunnskap om berekraft, innovasjon og prosjekt ut til vår medlemsmasse. Vi set ofte berekraft på agendaen på våre eigne arrangement.

    • Ved dialog med aktørar og politikarar fremmer vi tiltak mot klimaendringar og finn koplingspunkt for nye satsingar.

 
  • “Styrke virkemidla som trengs for å gjennomføre arbeidet, og fornye globale partnerskap for berekraftig utvikling.”

    Berekraftsmål nr. 17, Samarbeid for å nå måla, beskriv godt kor fokuset til Hub for Ocean ligg. For å lukkast med berekraftsmåla trengs det nye og sterke partnarskap og ein må samarbeide for å nå måla.

    Vi ser auka verdiskaping i samhandling med andre. Derfor er vi opptatt av å skape gode møteplassar, både for medlemmer og andre bedrifter, som for eksempel årleg nettverkssamling. Ved å tilby plattformar for dialog mellom myndigheiter, organisasjonar, næringsliv og andre interessentar fremmer vi berekraft, innovasjon og grøne løysingar saman.

    For at vi skal lukkast med Regjeringa sitt mål om å kutte Noreg sitt utslepp med 55% frå 1990 innan 2030, ser vi kor sentralt samarbeid på tvers av næringar er for å nå dette. Derfor er det viktig at Hub for Ocean har eit godt samarbeid med medlemmer, andre medlemsorganisasjonar og klynger for å skape innovasjon og moglegheiter.