1 million til hydrogenprosjekt i Sogn og Fjordane

2018_07_hydrogen.jpg

Fleire prosjekt knytt til hydrogenbruk i fylket har fått til saman ein million kroner i støtte frå Miljødirektoratet

Miljødirektoratet mottok 355 søknadar til tilskotsordninga "Klimasats – støtte til klimasatsing i kommunane». Prosjekta skal bidra til klimagassreduksjon og omstilling til lavutsleppssamfunnet. Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått støtte til tre prosjekt på til saman 1 million kroner.

Firdaposten meldte 3 juli at Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått støtte til følgande tiltak:

  • Vidareføring av nasjonalt fylkesnettverk for hydrogen. Sogn og Fjordane fylkeskommune var initiativtakar i 2017, og leiar no nettverket av 10 fylkeskommunar og 3 storbyar (175 000 kroner)

  • Kompetanseprosjekt knytt til innkjøpsprosessen for hurtigbåt, med fokus på infrastrukturbehovet ved innfasing av nullutsleppsteknologiar. Vi har med oss Trøndelag og Hordaland (500 000 kroner)

  • Sogn og Fjordane deltek òg i eit prosjekt der Hordaland FK står som søkar saman med Bergen kommune, Flora kommune og hamnene i dei to byane, om infrastruktur og tryggleik for hydrogen i hamn (300 000 kroner)

Gasta Design