Back to All Events

Mini-leverandørtreff Båtbygg AS

Båtbygg AS har med over 70 års drift posisjonert seg som eit av Norges leiande verft for ombygging, reparasjon og utrustning av fartøy innanfor fiskeri, offshore og seismikk.

Torsdag 28 mars arrangerer vi mini-leverandørtreff og inviterer medlemsbedriftene våre til å melde seg på innan tysdag 26 mars. “Først til mølla” gjeld her, så meld deg på snarast.

Send ein e-post til: post@maritimsfj.no

Vi ser for oss maks 8-10 bedrifter. Båtbygg AS har tradisjon for langsiktige avtaler når dei først går for ein leverandør. Dei er interesserte i elektro, teknisk, mekanisk og forbruksmateriell.

Skriv om du treng transport frå kaia i Måløy dersom du tar hurtigbåten.

Agenda:

11:30 Hurtigbåt frå Florø, for dei som vel denne reisevegen

12:35 Hurtigbåten kjem til Måløy frå Florø

 12:45 Lunsj i den ny kantina til Båtbygg AS

13:15 Båtbygg AS fortel litt om seg sjølve, og kva dei treng av tenester og varer

13:30 – 15:30 Leverandørane får 10 min kvar til å presentere seg og kva dei kan tilby

 15:50 Hurtigbåten går frå Måløy

Earlier Event: March 13
Leverandørdag Equinor
Later Event: March 28
Ocean Space - Slakteriet i Florø