Back to All Events

Ocean Space - Slakteriet i Florø

Veit du kor viktig oppdrettsfisk er for regionen vår?

Torsdag 28 mars inviterer Ocean Space til bedriftsbesøk hos Slakteriet i Florø, eit moderne slakteri for oppdrettsfisk med anlegg i Flora og Gulen.

Her vi du få informasjon om kva Slakteriet jobbar med, men også ei innføring i kor oppdrettsfisken kjem frå, kor den ender sin ferd og ikkje minst kva den tilfører regionen vår. Du vil også få innblikk i kva kompetanse som krev innanfor denne bransjen.

Vi avsluttar med pizza i lokala til Høgskulen på vestlandet (HVL). Vi har også eit par hydrogendrevne bilar (i minityr…) og køyrer på med konkurranserace der vinnaren får premie!

Oppmøte utanfor Slakteriet sine lokaler Hamregata 1 (ved Miljøhuset) seinast 17.55.
—————————————————————————————

Kva er Ocean Space?

Har du interesse for teknologi eller realfag? Bur du i Sogn og Fjordane og går på ungdomsskule eller på videregåande skule? Då kan du bli med på Ocean Space.

Du vil få oppleve spennande bedriftsbesøk, noko som gir deg verdifull kontakt med næringslivet.
Realfag- og teknologikompetanse vil gi deg store mogelegheitar i yrkeslivet i framtida. Nærleiken til fjordar, hav og skjærgard i Sogn og Fjordane gir grunnlag for vekst innan mellom anna havbruk, skipsbygging og petroleumsnæringane. 

Ocean Space er etablert og blir drifta av Maritim Forening Sogn og Fjordane, GCE Subsea og Høgskulen på Vestlandet. Deltaking er gratis.

Meld deg på via vår Facebook side Ocean Space eller ved å sende mail til maria@maritimsfj.no

Earlier Event: March 28
Mini-leverandørtreff Båtbygg AS
Later Event: April 2
Nettverkssamling