Back to All Events

Kurs i PLP Prosjektleiing på Thon Hotel Førde. 


Når: 21 - 22. september og 20 - 21. oktober
Kvar: Thon Hotel Førde
Frist for påmelding: 8. september


Folkeuniversitetet vil med dette få invitere aktørar frå næringsliv og kommunal sektor til kurs i PLP prosjektleiing med forelesar Tom Joensen, kommunedirektør i Bremanger kommune. Studiested vil bli lokalt på Thon Hotell Førde og kurset er ope for alle. 

 

Kurset går over totalt 4 dagar (28 timar) og det blir lagt opp til mellomliggande arbeid med ein konkret case som skal løysast i mellom dei to samlingane. 


Meir informasjon i vedlagte PDF-filar. Prisen for kurset er kr. 7500,- pr deltakar. Servering og evt. overnatting er ikkje inkludert i prisen, men mat kan kjøpast på hotellet. 

Under samling 1 blir det undervisninga på dagtid torsdag 21 og fredag 22 september frå kl. 10.15 - 17.15. Under samling 2 - fredag 20 og laurdag 21 oktober blir det undervisning frå kl. 09.00 – 16.00.   

Påmelding til kurset i prosjektleiing finn du her: Siste frist er fredag 8 september.

Dette kurset har som mål å gje deltakaren innføring i eit vel utprøvd verktøy for prosjektutvikling og -styring. Metodikken er ein kjend og mykje nytta metode og byggjer på fire sentrale prinsipp for god prosjektleiing:  

  1. Oppbygging,

  2. Organisering, 

  3. Avgjerdsprosess 

  4. Oppfølging og kvalitetssikring. 

PLP legg og vekt på personleg ansvar, forpliktande samarbeid og resultat. Det vil difor på dette kurset bli lagt stor vekt på at dei einskilde verksemdene er med og bidreg gjennom erfaringsutveksling og diskusjon. Vi vil og starte kurset med forventningsavklaring, slik at deltakarane får kome med innspel om kva dei forventar å sitje att med etter at kurset er ferdig. Målet er at desse fire dagane med opplæring i prosjektleiing, skal vere matnyttig, praktisk retta og gje meirverdi til dei som deltek.  

Dette er eit kurs for dei som ønskjer ein praktisk og strategisk forståing av prosjektarbeid og prosjektleiing. 
Med bakgrunn i generell prosjektteori, får du kompetanse til å bruke PLP-metodikken som verktøy for å styre og delta i prosjekt på ei målretta og effektiv måte. 
Kurset passer difor særleg godt for deg som har ansvar for, leier eller deltek i prosjektarbeid, både i offentlig og privat sektor. 

Same kurs har tidlegare vore sett opp i Aurland, Fjaler, Luster og Sogndal. Det gjekk i tillegg oppe i Måløy i 2018/2019 i samarbeid med Måløy Maritime Group og har blitt sett opp i Florø våren 2019 i samarbeid med Hub for Ocean i Florø.   

Forelesar vil i løpet av kurset ta opp følgjande tema: 

  • Kva er prosjekt 

  • Strategisk forankring 

  • Faseinndeling 

  • Målstruktur 

  • Prosjektorganisering 

  • Prosjektmandat 

  • Planlegging 

  • Kostnader og kompetanse 

  • Kritiske risikofaktorar 

  • Gjennomføring og oppfølging 

  • Gevinstrealisering

Kurset er retta inn på å vere praktisk og konkret, slik at deltakaren skal oppleve relevans i høve sitt eige arbeid. Det er lagt opp til utveksling av erfaring med prosjekt, slik at ein kan lære av kvarandre. 

Forelesar er til vanleg kommunedirektør i Bremanger, men har og arbeidd mykje med prosjekt og prosjektleiing og har lang røynsle som forelesar m.a. for Folkeuniversitetet. 
Kurset gjer ikkje studiepoeng og ein får tilsendt kursbevis etter fullført kurs.


Hei! Har du spørsmål om kurset?

Reidar Brandsberg
Senior bedriftsrådgjevar, Folkeuniversitetet
reidar.brandsberg@folkeuniversitetet.no