Back to All Events

Frukostmøte – Digitalisering & datasikkerheit = Lønsamt?

Når: 14. september kl. 08:00 - 10:00
Kvar: Hamnehuset i Florø, Fugleskjærgata 16

Digitalisering og ny teknologi opnar for uante moglegheiter for verdiskaping. Ei viktig forutsetning for å lykkast er å ha datasikkerheita i orden. Kva betyr eigentleg dette for di bedrift?

Hub for Ocean og Tussa IKT inviterer til frukostmøte - ein yngleplass kor kunnskap delast og partnerskap kan formast.

Arrangementet er gratis og ope for alle. For å sikre at vi bestiller nok mat, ber vi deg om å melde deg på innan 13. september (sjå påmeldingslenke nederst). Vi ser fram til å sjå deg!

Program:

08:00 - Velkommen og frukost

08:30 - Cyberangrep- situasjonsbildet og korleis sikre di bedrift med enkle tiltak v/Tussa IKT

09:00 - Digitalisering i praksis - kva betyr eigentleg det (og løner det seg?) v/ Axbit

09:30 - Spørsmål og diskusjon

09:45 - Avrunding og mingling for dei som ønsker

“Dataangrep kan resultere i store utgifter for bedrifter og ein kan risikere bøter for brudd på GDPR- og personalvernlovgjeving og kunder og samarbeidspartar kan miste tillitt”. Steinar  Hauge, Tussa IKT.

Tussa IKT har spisskompetanse på sikkerheit og gir deg oversikt over det digitale trusselbilete som heng over oss alle, risiko for og handtering og læring av cyberangrep. Dei vil også presentere korleis medarbeidarane dine sine datamaskiner, mobiltelefonar og nettbrett kan vere sikra både på kontoret, heime og på reise.

Vi blir også kjent med Axbit som er kåra til ein av Norges raskast voksande bedrifter og har fått den prestisjefulle Gaselle prisen 2020 og dei vil snakke om digitialisering i praksis. Axbit er Tussa IKT sin nye partnar og saman vil dei tilby skreddarsaum og hyllevare innan teknologisk infrastruktur, IT-drift, IT-sikkerheit, softwareutvikling og integrasjon med Microsoft 365- tenester og andre softwareplattformer.


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til frukostmøtet?

Siri Stavang

senior næringsutvikler
+47 980 31 949
E-post

LinkedIn