Vellukka speed date overstått

For femte år på rad arrangerte Maritim Forening Sogn og Fjordane i går Speed date for medlemsbedriftene våre i Førde. Målet er å auke straumen av varer å tenester mellom bedriftene.

Vi starta dagen med to innlegg frå hhv. Hellenes og Fjord1. Anders Haugen frå Hellenes ga oss eit godt innblikk i deira planar og kva dei tenker om framtidsutsiktene til verftet i Førde. Dei har blant anna opna opp for at mange ulike aktørar kan etablere seg på verftet, som kan gi synergieffekt. I tillegg til eit betydeleg ingeniørmiljø med hovudvekt på automasjon og mekanikk, har dei invitert inn ulike utdanningsaktørar som skal bidra positivt til eksisterande næring og vice versa. Dei har eit stort fokus på delingskultur, og eit felles «laboratorium» med utstyr som kan brukast av både næring, utdanning og andre tekniske interesserte og nysgjerrige barn og vaksne.  

Korleis komme på leverandørlista til Fjord1

Kim Gunnar Jensen fortalte om korleis ein skal komme på bana hos Fjord 1 og kva dei ser etter hos ein leverandør. Han var klar på at dei søker leverandørar som er fleksible og som har kontroll på ulike myndigheitskrav og miljøkrav. Fjord 1 er avhengig av leverandørar som kjem med dei gode løysingane og gjerne ikkje er redde for å presentere løysingar som er betre, meir miljøvennleg eller billigare enn dei Fjord 1 sjølv har presentert i eit anbud.

Vellukka speed date

Vi avslutta med seks rundar 1-1 møter, også kalla speed dating. Her hadde bedriftene 7 minutter på å avgjere om «daten» på andre sida av bordet kunne vere ein potensiell kunde, leverandør, samarbeidspartnar eller anna. Praten satt laust og vi har fått tilbakemelding om fleire avtalte møter som følge av speed date.

Speed date er kjapt, effektivt og gir ofte gode resultat. Neste speed date blir sannsynlegvis i Måløy, vi gleder oss !

Guest User