Fjord 1 og Skipskompetanse signerer intensjonsavtale

Fjord1 og Skipskompetanse, redusert størrelse.JPG

Fjord 1 er ein innovativ aktør med store ambisjonar. Dei har som målsetnad å vere best på miljøvenneleg og påliteleg transport, og arbeider kontinuerleg med å utvikle nybygg i verdsklasse. På speeddate i Førde utfordra dei leverandørindustrien til å bidra med idear og løysingar inn i det grøne skiftet. Fleire av anboda som er ute no er miljøkontrakter, og dei treng leverandørar som forstår dei nye krava og er sterke på innovasjon.

 

Skipskompetanse er eit sjølvstendig skipsdesignselskap som tilbyr design, konsulent- og ingeniørtenester. Dei har eit sterkt fokus på miljøvennleg design og ønskjer å bidra til å redusere det globale fotavtrykket og til å skape eit godt arbeidsmiljø for mannskapet.

 

Dei to medlemsverksemdene har etterkvart blitt godt kjente via Maritim Forening sine møteplassar, og Skipskompetanse har i den seinare tid gjort ein del mindre arbeid for Fjord1. Begge partar har gjennom dette blitt einige om at dei ønskjer å utforske muligheiten for å utvide dette samarbeidet. I den samanheng vart det signert ein intensjonsavtale i Førde 13. september, som skal lede fram til ein rammeavtale. Begge partar håpar og trur at dette vil føre til ei positiv utvikling for begge selskap innanfor både design- og teknologiutvikling.

Kristin Svardal