Teknologi og realfag – jentene styrkar seg

-Jøss, så spanande. Her var det mange yrke å velje blant, seier Miriam Eikefjord, elev ved Eikefjord ungdomsskule. Torsdag i denne veka møtte ho 15 unge kvinner som fortalde om deira arbeidsdag i eit teknologisk eller realfagretta yrke. Arrangementet samla alle jentene i 9. klasse i Flora kommune og er eit ledd i å rekruttere til tekniske yrke.

Mange moglegheiter
Det er fjerde gong Flora kommune, GCE Subsea og Maritim Forening Sogn og Fjordane arrangerer slik realfagdag. - For oss er det viktig å syte for god rekruttering til næringslivet, seier Kristin Svardal i Maritim Forening Sogn og Fjordane og Trond Strømgren i GCE Subsea. - Vi ventar auka aktivitet i dei havbaserte næringane og veit at dei mange bedriftene i regionen vil ha stort behov for lokal arbeidskraft i framtida. Dei femten unge kvinnene som formidla om sine yrke og stod på stand representerte stor spennvidde, alt frå kranførar, bioingeniør og elektrikar til boredekksarbeidar, hamnesjef og fiskehelsesjef.

Spanande dag
Det er slett ikkje lett å vite kva yrke ein skal velje når ein går i 9. klasse. - Difor er det inspirerande å møte nokon som arbeider i så mange ulike yrke, seier Miriam Eikefjord. - Mange av desse yrka visste eg ikkje om før eg kom hit i dag. Mykje av det same opplevde også Helle Storøien frå Flora ungdomsskule. - Eg synst alle yrka virka spanande, men er usikker på kva utdanning eg skal velje. Eg fekk likevel eit betre grunnlag for å velje etter dagen i dag, seier ho.

Samarbeid med næringslivet

Flora kommune har vore ein av regjeringa sine utvalde realfagskommunar sidan 2015. Ein av målsettingane er å styrke rekrutteringa og kjønnsbalansen i tekniske og realfaglege yrke. - Vi veit at når elevane ser kor nyttig og relevant realfag er, presterer dei også betre i til dømes matematikk, seier Tone Aasrud, oppvekstfagleg rådgjevar i Flora kommune. Ho er svært nøgd med samarbeidet med næringslivet.

Opplegg for gutane
Gutane i 9. klasse hadde eit alternativt program på Flora ungdomsskule. Der stilte dei ulike sektorane i Flora kommune opp med sine unge menn som har vald ulike andre yrke, mellom anna lærar med fokus på naturfag og matematikk, ergo- og fysioterapeut, førskulepedagog, helsefagarbeidar og sjukepleiar. Gutane fekk også innsikt i framtidsretta velferdsteknologi.

Westcon har dyktige kvinner
Ei bedrift som verkeleg har rekruttert unge kvinner er Westcon Yards i Florø. I løpet av dei siste to åra har bedrifta tilsett fire nyutdanna kvinnelege ingeniørar. - Eg er veldig godt nøgd med arbeidet dei gjer. Samstundes er dei med og skapar eit triveleg og godt arbeidsmiljø, seiar Mikael Johansen, plassjef for Westcon Yards. Han oppmodar fleire jenter til å satse på tekniske yrke og trur det vil bli auka behov for slik type arbeidskraft i framtida.

Guest User