Bilfinger fekk norgesmesteren!

Denne veka blei Yrkes NM arrangert på Hellerudsletta utanfor Oslo. Tobias Bueie, som er industrimekanikar-lærling hos Bilfinger i Svelgen gjekk heilt til topps og endte med gull i NM for lærlingar og fagarbeidarar under 25 år.

Oppgåvene Tobias fekk gjekk på tilverking og montering av mekaniske element og vedlikehald og reparasjon av industritekniske maskiner og utstyr. I tillegg måtte han ha kunnskap om automatiserte pneumatiske og hydrauliske styresystem tilknytt maskiner og utstyr. Tobias, som frå før er to gangar fylkesmeister innan sveising og maskinering, klarte oppgåvene med glans.

Tobias held på med sitt andre år som lærling i Bilfinger Svelgen. Dagleg leiar i Bilfinger Svelgen Svein Arne Sandvik var svært glad for det gode resultatet og meiner disse konkurransane er viktige for faget. Det er eit stort behov for yrkesfaglege arbeidarar og dette kan bidra til at fleire vel den utdanningsvegen.

Meisterskapet inspirerer

Bilfinger er opptatt av å tilrettelegge for kvalifisering til meisterskap for sine lærlingar.  «Dei vi ser har potensiale og lyst til å delta, prøver vi å støtte så godt vi kan», seier Svein Arne Sandvik. Vidare seier han at deltakinga har og kan gitt smitteeffekt på resten av organisasjonen. Lærlingane er stolte over å kunne delta og det inspirerer også resten av avdelingane. Alle ønsker å løfte dei og bidra til gode resultat.

Variert arbeid gir gode lærlingar

Hos Bilfinger får lærlingane stor variasjon i arbeidsoppgåvene. Dei fleste er lærlingar i 2 år, og på den tida får dei både prøve seg i eigen verkstad og i rotasjon ute i dei ulike vedlikehaldsområda til Elkem. Svein er tydeleg på at han er glad for å ha rotasjonsordningen mot Elkem, dette er viktig for utviklinga til lærlingane og skapar gode industriarbeidarar. 

Vi gratulerer Tobias og Bilfinger Svelgen med gull !



Maria Brandsøy