Skipskompetanse designar første hybrid-brønnbåt

Den nye båten vil vere identisk med Ro West, men noko lenger

Den nye båten vil vere identisk med Ro West, men noko lenger

Mandag 22 oktober blei det annonsert at Skipskompetanse i Måløy skal levere designpakke til enda ein brønnbåt for Rostein. Båten blir nr. 6 med samme designutgangspunkt og planleggast levert januar 2020. Skipet vil bli ein lengre versjon av søsterskipet «Ro Fortune» ,«Ro West», «Ro North» og «Ro Server»..

Skipskompetanse har hatt eit tett samarbeid med reiar Rostein og verft Larsnes Mekaniske Verkstad i mange år. Brønnbåtane er tilpassa for å vere best i sin klasse og blir no første brønnbåt i verda med batterihybrid. Glenn Bradley i Rostein As seier dei har bevisst venta på ei slik satsing, men etter at det er no er på full fart inn i mange båtar og ulike bruksområde, er tida inne for å satse hybrid. Vidare seier han at lakseprodusentane er opptatt av bærekraft og ein grønn profil. Dei siste åra har Rostein hatt fokus på å implementere utsleppsfri behandlingsteknologi og no meinar han tida er inne for å sjølv erfare korleis batterihybrid kan påverke deira drift.

Fleire batterihybridprosjekt på gang

Skipskompetanse bygger dermed opp si erfaring med batteri og arbeider no med fleire batterihybridprosjekter. I Starten av 2019 leverast Støttfjord (bnr. 42) og Trondskjær (bnr. 41) frå Stadyard som første skip i sin klasse med batterihybrid.

Guest User