Fokus Elektro treng fleire flinke folk!

Med ei stadig aukande oppdragsmengde er Fokus Elektro på jakt etter fleire elektrikarar. Dei til saman 70 tilsette jobbar innanfor mange ulike bransjar både lokalt og nasjonalt, så her venter ein variert kvardag. Sjølv om dei fleste elektrikarane er på farten på dagtid, har dei ein fin base å returnere til. Bedrifta held til i flotte lokale på Evja i Florø, i eit nybygg som til og med vann byggeskikkprisen i 2017. Dagleg leiar Svein Nødseth seier at gode og tilpassa lokale er viktig for trivselen på arbeidsplassen og det er noko bedrifta har fokus på. Dette var ein av grunnane til at dei bestemte seg for å bygge nytt når dei etter kvart kjente på behovet for meir plass.

Behov for fagarbeidarar

Fokus Elektro er ikkje aleine om å ha stort behov for fagarbeidarar. Dette kjem klart fram i NHOs kompetansebarometer, der kompetansebehovet til norske bedrifter er kartlagt. Her blir elektrofag trekt fram som eit av dei yrkesfaglege utdanningane det er mest behov for dei neste fem åra, saman med bl.a teknikk og industriell produksjon og bygg- og anlegg. Les heile rapporten her.

Godt samarbeid med skulane

For å imøtekomme næringslivets behov for fagarbeidarar, derav elektrikarar, er det viktig at skulane og elevane blir kjent med yrkesvegane dei kan gå og ikkje minst jobbmoglegheitene. Svein er tydeleg på at arbeid mot skulane er alfa og omega. Her kjem dei i kontakt med dei unge og kan informere tidleg om ei spennande yrkesretning. I tillegg skryt han av Flora VGS som leverer flinke lærlingar til bedrifta. Dei er svært viktige for å sikre tilstrekkeleg rekruttering. «Det er også interessant at det kjem fleire jenter inn i bransjen. Tidlegare var det nok bekymringar for tunge løft og anna tungt arbeid, men det er veldig lite av. Så det er like tilpassa kvinner som menn og eg oppfordrar jenter til å undersøke elektrikaryrket når dei skal velje utdanningsveg» avsluttar Svein.

Er du elektrikar og på utkikk etter nye moglegheiter? Ta kontakt med Fokus Elektro! 

Maria Brandsøy