Evoy AS

Florøbaserte Evoy leverer 100% elektriske og nøkkelferdige framdriftssystem for nye og eksisterande båtar med ein visjon om å eliminere marint utslepp. Systema på opptil 800 hk er designa og testa for å fungere i dei tøffaste forholda i verda, Norge si kystlinje, og er best egna for båtar som er 20-30 fot. Fordelane med eit heilelektrisk framdriftssystem er betydeleg mindre støy, fråvær frå lukt og eksos, og null utslepp av klimagassar. I tillegg sparer ein tid på vedlikehald, nedetid, fylling av drivstoff, og oppvarming og nedkjøling av fossil motor. Evoy leverer både innanbords- og utanbordssystem. Det første innanbordssystemet vart levert i 2020. Ein kraftig utanbordsmotor vil stå klar for marknaden i 2021.

 
Siri Odijk Solbakken