Back to All Events

Lunsjmøte: Vi blei hacka. Korleis unngå å bli den neste?

Når: 20. oktober 2022, kl. 11:30 – 12.40

Kor: PEAK Florø, Strandgata 52, Florø


Firdaposten og heile Amedia-konsernet blei utsett for eit stor dataangrep i fjor. Trass i eit stort fokus på sikkerheit i forkant ødela angrepet for heile 78 papiraviser. Korleis kan du unngå at bedrifta di blir den neste som blir hacka?

Vi inviterer til eit lunsjmøte med sikkerheit i fokus. Her blir det nydelig mat og spennande foredrag frå Vest Politidistrikt, Firdaposten og Tussa IKT. Arrangementet er gratis, og opent for alle. Hugs å melde deg på lengre nede på denne sida.

Program 20. oktober

  • 11:30 - Oppmøte og lunsj

  • 11:45 – Velkommen ved Hub For Ocean

  • 11:50 – “Morgondagens digitale trugslar”, Geir Raudøy-Olsen, etterretningsleiar i Vest Politidistrikt

  • 12:05 - “Historie frå verkelegheita – Vi blei hacka”, Svend Arne Vee, redaktør Firdaposten

  • 12:15 – “Utvikling og trendar innan digital sikkerheit”, Steinar Hauge, Tussa IKT

  • 12:35 – Avslutning


Gje oss beskjed om du tenkjer å delta ved å nytte skjemaet under, så sørger vi for å ha rikeleg med mat til alle. Velkommen skal du vere! Påmeldinga er no stengt.


Hei!

Lurar du på noko? Ta gjerne kontakt.

 

Sandra Nekkøy

Business Development Manager
+47 993 43 208
E-post

Linkedin

 
Earlier Event: September 28
Plast- og komposittkonferansen
Later Event: October 26
Nettverkssamling 2022