Back to All Events

Hub for Future


Når: 4 - 5 oktober
Kvar: Knutholmen, Kalvåg

Tema: Hub for Future - kva no

Vi inviterer deg til vår nye yngleplass Hub for Future – arenaen og nettverket for nye framtidige forretningsmoglegheiter.  

Nettverkssamlinga har sterk tradisjon i Hub for Ocean for å styrke den blå næringa. No gir vi denne samlinga ein ny identitet. På Hub for Future kikkar vi inn i glaskula og skapar grobunn for vekst og utvikling – saman! 

På kvelden 4. oktober inviterer vi til sosial mingling og omvising i Galleri Torsheim. Her ventar deg også ei overrasking! Deretter inviterer Knutholmen oss til bords for ein utsøkt 3-retters meny basert på dagens ferske råvarer, sprell levande i det du set deg til bords.  

Hugs å bestille hotellrom i Kalvåg dersom du treng dette, på Knutholmen.no (Dere får 10% rabatt ved å skrive “HUB” i feltet “Kommentar til hotellet” som kjem opp når du har valgt rom og kjem vidare til betalingsinfo).

Enivest, Sparebanken Sogn og Fjordane og Tussa IKT er viktig støtte for å gjennomføre yngleplassen. Takk!

Program finn du under påmelding.

Les meir om foredragshaldarane på Hub for Ocean på LinkedIn.

  • Ein kan reise med Nordled (ekspressbåten) som går ruta Bergen - Selje t/r og som stoppar i Smørhamn.

    Ein kan også ta Kystvegekspressen som går rute Florø - Måløy t/r og som også stoppar i Smørhamn (ca. 30 minutter).

    Det står buss på kaia i Smørhamn som tar deg vidare til Knutholmen (10 min busstur).

    Sjå rutetider båt under.

    Deltakarar frå Oslo/Bergen som kjem med fly til Florø har korresponande med Nordled (ekspressbåten) frå Florø.

    Båtavgangar frå Florø:

    Kystvegekspressen kl. 08.30 – 08.57

    Norled kl. 11.30 – 12.00

    Kystvegekspressen kl. 16.05 – 16.37

    Båtavgangar frå Smørhamn:

    Kystvegekspressen kl. 06.00 – 06.32

    Norled kl. 08.05 – 08.35

    Kystvegekspressen kl. 11.15 – 11.50

    Norled kl. 16.30 – 17.00

Program

Onsdag 4. oktober

12.15 Registrering og enkel lunsj

12.45 Velkommen, Hub for Ocean v/Siri Laquian Stavang.

12.50 Hva er ditt narrativ? Big Fish v/Johanne Furuseth, designer og fotograf.

13.10 Status, Hub for Ocean v/Kristin Svardal, CEO.

Berekraft i praksis

13.20 Ny grøn retning; slik støttar vi omstilling i næringslivet. Innovasjon Norge v/Leif Inge Husabø, berekraftsdirektør.

13.40 Vi blir kjent!

13.50  40 år med strategisk berekraftig utvikling – det løner seg. Norva24 v/Kenneth Birkeland, avdelingsdirektør.

14.10 Bærekraft i Havnæringa - på samfunnsnivå og strategisk i bedrift. Akvahub v/Trygve Hallberg, dagleg leiar.

14.30 Nye forretningsmuligheter basert på bærekraft og samhandling. Hellenes v/Jørgen Lorentz, Director biomasse applications

14. 50 Pause

15.10 Samskaping mellom komplementære aktørar i maritim næring. ÅKP v/Kirsti Slotsvik, administrerande direktør.

“Sofaprat” - Finn vi komplementære løysingar? Stein Kvalsund,COO i Hub for Ocean i dialog med Kirsti Slotsvik, CEO i ÅKP og Gunnar Stein Hareide, Styreleiar ÅKP. 

15.40 Kommuniser berekraft! Evoy v/Silje Bareksten, Vice President Investor and Relations.

16.10 Oppsummering

16.15 Innsjekk

17.30 – 19.30 Galleri Torsheim og noko godt

Omvising i det nyleg opna Galleri Torsheim for å bli meir kjent med verka til Oddvar Torsheim, medan vi nyt noko godt i glaset. Gled deg også til ei overrasking!

19.30   Tre-retters middag på fantastiske Knutholmen

Torsdag 5. oktober

08.30 Kaffi

09.00 Velkommen

09.05 5 kjappe om nye berekraftskrav. Deloitte v/Linn Therese Terøy, direktør.

09.15 Kommuniser berekraft! Evoy v/Silje Bareksten, Vice President Investor and Relations.

Teknologiskifte

09.40 Teknologiskifte. Enivest v/Sjur Gimmestad, Senior bedriftsrådgjevar.

09.50 Brubygging: løysingar frå industri til helse. Retrams v/Stein-Atle Øvrebotn, CEO.

10.10 Pause

10.30 Digitale verktøy som dokumenterer faktisk effekt av berekraftstiltak. Teknologistiftelsen Terravera v/Elisabet Kjerstad Bøe, CEO.

Leverandørmoglegheiter

10.50 Havvind - det grøne skifte i praksis (pilotering av nye løysingar). Wergeland Holding v/Irene Wergeland, CEO.  

11.10 Lutelandet - kva skjer? Lutelandet utvikling v/Vidar Grønnevik, styreleiar.

11.30 Pause

11.40 Lansering Prosjekt CircuS - Samhandling for sirkulær verdiskaping og grønn industri- og næringsutvikling i Bremanger kommune. Fortesuce v/Karina Lavik, Senior Communities Advisor og Bremanger kommune v/Karl Vidar Førde, Kommunalsjef for samfunn og utvikling.

12.00 Paneldebatt - vi kikker inn i glasskula: “Komparative fortrinn i vår region som kan realiserast i nye marknader”. Ein dialog mellom verkemiddelapparat, næringsliv og utviklingsaktør representert ved Innovasjon Norge v/Leif Inge Husabø, Wergeland Group v/Irene Wergeland, Akvahub v/Trygve Hallberg, Terravera Foundation v/Elisabet Kjærstad Bøe.

12.20 Oppsummering

12.30 Lunsj

 
 

Takk til våre sponsorar!


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til arrangementet? Ta gjerne kontakt!

Siri Stavang

senior næringsutvikler
+47 980 31 949
E-post

LinkedIn

Earlier Event: September 26
Fremtidens fiskeri- og havbruksnæring
Later Event: October 24
Fiskeslam som ressurs