Vi er på flyttefot

Frå nyttår vil du finne oss i andre etasje i det BREEAM-sertifiserte bygget på Fugleskjærskaia! 

Hub for Ocean har signert ein leigeavtale med Florø Hamn for kontorlokale i det nye bygget på Fugleskjærskaia. Bygget er BREEAM-sertifisert og eit signalbygg på kaia, og vi gleder oss til å flytte inn ved nyttår i splitter nye lokale med panoramautsikt mot havet, fjella og byen. 

 

Frå nyttår vil du finne Hub for Ocean på Fugleskjærskaia. Foto: Maria Hunvik 

 

Vi vil tilrettelegge for at medlemmer som kjem på besøk i Florø har ein plass dei kan sette seg ned og jobbe og har derfor satt opp to gjesteplassar på kontoret, som medlemsbedrifter og samarbeidspartnarar kan nytte.  

Berekraft i fokus 

Gjennom Havrom 2050, Hub for Ocean sitt berekraftsprogram, har organisasjonen bistått medlemmar til å nytte sirkulær økonomi i forretningsmodellen og bli rusta i overgangen til ei meir berekraftig framtid. Då er det viktig at organisasjonen også har fokus på berekraft i eiga verksemd:  

Med eit fokus på berekraft for våre medlemmer, er det like viktig at administrasjonen også har fokus på dette. Derfor er det kjekt å flytte inn på Fugleskjærskaia med BREEAM sertifisering. Det er tydeleg at ein har fokusert på å at bygget skal  ha minst mogleg miljømessig påverknad - før, under og etter bygging, avsluttar Kristin Svardal.  

 

Stein Kvalsund, Linda Mortensen Midtbø (Florø Hamn KF) og Kristin Svardal gler seg til å bli naboar i nytt bygg frå nyttår.  Foto: Maria Hunvik

 

Vi sjåast på Fugleskjærskaia! 

Er du på jakt etter lokale til di bedrift? Det er fortsatt plass til fleire på Fugleskjærskaia, ta kontakt med Henriette Hatling i Florø Hamn for meir informasjon.

  • BREEAM (Building Research Establishment’s Environmental Assessment Method) er ein internasjonal anerkjent metode for å måle eit bygg sine berekraftige eigenskapar. BREEAM vart lansert I 1990 og sidan det har 530.000 bygg blitt sertifisert i over 70 land.   

Spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

Linkedin