Multi Maritime med design på nok eit nybygg for Torghatten Trafikkselskap

Bilde MF Heilhorn.png

MF Heilhorn

I fjor fekk Torghatten levert verdas første plug-in hybridferge, som var designa av Multi Maritime i Førde. Torghatten har signert kontrakt med det tyrkiske verftet Sefine Shipyard om bygging av nok ei ny miljøvennleg ferje, og også denne ferja er designa av Multi Maritime. Nybygget skal settast inn på sambandet Vennesund – Holm, og er planlagt i drift frå sommaren 2020.

Multi Maritime er stolte over at Torghatten Trafikkselskap har valt deira design til si nye batteri- elektriske ferje, seier direktør Gjermund Johannesen: Leiinga i Torghatten Trafikkselskap viser ein beundringverdig vilje til å ta i bruk framtidsretta og innovative løysingar, sjølv om anbodet ikkje krevjer det, understrekar han. I det forrige nybygget vart lavutsleppsløysingar implementert, men denne gangen blir fartøyet prosjektert og bygd for nullutslepp. Nybygget vil kunne drifte sambandet heilt elektrisk og heilt utan utslepp, så snart ladeinfrastrukturen på land er på plass.

Guest User