Equinor utvider avtalen på Fjord Base med to år

Equinor fortsett samarbeidet med Saga Fjordbase og Fjord Base Gruppen. No er baseavtalen signert og forlenga med ytterlegare to år, fram til juli 2027.

Avtalen blei først inngått i 2015 og er ein svært viktig avtale for Saga Fjordbase. Equinor er vår største kunde, og står for ein betydelig andel av aktiviteten vår. Equinor er ein svært kvalitetsbevisst kunde, og kontrakten er eit synleg bevis på at vi leverer tenester på høgt nivå, seier dagleg leiar i Saga Fjordbase, Erlend Toftesund.

Samla er aktiviteten på Fjord Base Kinn sin største hub av private arbeidsplasser, der meir enn 650 mennesker i dag har sikre jobber og inntekter.

Avtalen med Equinor bidrar til langsiktighet og forutsigbarhet, og det gir oss grunnlag for å utvide verksemda og planlegge ytterlegare for det grøne skiftet. I desse planane inngår blant anna ein ammoniakkbunkring, ein hydrogenfabrikk og framtidige planer for montering og mellomlagring av havvindmøller, seier Toftesund.

Artikkelen fortsett under bildet.

 

Kari Bjørbæk(f.v.) og Erlend Toftesund er glade for at denne avtalen er på plass, og ser fram til videre samarbeid. Foto: Photoevent

 

Equinor er største kunde på Fjord Base, og står for ein betydelig aktivitet på området. For Fjord Base Gruppen er dei også en viktig partner i å redusere CO2-utslippa med 50 prosent innan 2030 og på lengre sikt jobbe mot ein nullutsleppsbase.

Vi er glad for at avtalen er komt på plass og ser fram til å fortsette samarbeidet og saman bli enda bedre på både sikkerhet, effektivitet og berekraft, forteller Kari Bjørbæk, Fungerende leder for forsyningsoperasjoner på norsk sokkel, i Equinor.

Fjord Base har allerede landstrøm på alle kaier, og har også tilrettelagt for bruk av elektriske kraner. For eit år sidan tok Saga Fjordbase i bruk sin eigenutvikla digitale samhandlingsplattform for terminal og kaier. Dette har auka effektiviteten i operasjoner for kundane og deira samarbeidspartnarar.

I snart 40 år har Fjord Base skapt arbeidsplassar og verdiar for heile lokalsamfunnet i Florø. Det vil bli lagt merke til og er eit kvalitetsstempel at vi no kan gå ut med nyheita om denne kontrakta, seier administrerende direktør Ole Schanke Eikum i Fjord Base Gruppen, som også omfatter Fjord Base AS, NCP AS og FB Support.

Han seier at ein i den neste kontraktsperioden også vil setje i gang prosjekt for å videreføre og forbedre dei allerede svært gode resultata innan helse, miljø og sikkerheit for heile Fjord Base.

 
 

Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Maria Benæs Hunvik

kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
E-post

LinkedIn

Maria Hunvik