BTA Florø med jobb for Ulstein verft

2018 11 tauing2.jpg

Vårt nyaste medlem Bergen Trading & Agency AS Florø (BTA Florø) har på oppdrag frå Ulstein verft taua den nye Color Line ferja til Ulstein. Skroget er bygget i Gdynia Polen og skal til utrusting i Ulsteinvik. Ferja som skal gå mellom Sandefjord og Strømstad skal stå klar i 2019 og blir verdens største hybridskip. Skipet som tar 2000 passasjerar og 500 bilar vil ha full batteridrift inn og ut fjorden og dermed ikkje ha noko skadeleg utslepp.

 BTA Florø er i denne samanheng ansvarleg for taubåt, samt oppfølging og logistikk. Taubåten som blir brukt er «Mustang» og på Marine Traffic kunne vi i dag tidleg sjå den passere utanfor Florø. Slepet har tatt 6,5 dagar og slepebåten har hatt ein gjennomsnittsfart på 7 knop.

 BTA held til i Florø og driv med utleige av maritim utstyr, derav lektere, flytekraner, mobilkraner, taubåtar og fraktebåtar. Det er også GAC sitt kontor i Florø og driv skipsagentverksemd.

Dimensjonar:

Color Line ferja:
Lengde= 160 m
Bredde= 27,1 m
Dyptgående = 6,1 m

Taubåten Mustang:
Lengde= 30,5 m
Bredde = 10,5 m
Slepekraft= 87 TBP



Guest User