Personvernerklæring

Denne personvernerklæringa angir våre retningslinjer for personvern. Den beskriver kva type personopplysningar vi samlar inn, kvifor vi gjer det og kva vi bruker informasjonen til.

Eigar av denne nettsida er:

Maritim Forening Sogn og Fjordane, Strandavegen 15, 6905 Florø.

E-post: post@maritimsfj.no Vårt org. nr er: NO 998 321 840.

Kva typar personopplysningar behandlar vi?

Vi lagrar din kontaktinformasjon (namn, tittel, arbeidsgivar, telefonnummer, e-postadresse). Vi lagrar også informasjon frå møter/arrangement og bedriftsbesøk i ein database.

Kvifor lagrar vi informasjon om deg?

Medlem: Formålet med å lagre dine kontaktopplysningar er for å kunne administrere ditt medlemsskap og sende deg relevant informasjon. Det kan vere oppdatering av medlemsinformasjon, informasjon om arrangement frå oss og andre samarbeidspartnarar eller relevant informasjon for di verksemd.

Ikkje medlem: For å kunne sende deg informasjon om relevante arrangement og nyheiter frå oss og andre samarbeidspartnarar.

Vi lagrar informasjon inntil du trekk samtykke tilbake eller inntil vi på nokon anna måte blir klar over at opplysningane ikkje er nødvendige for formåla over.

Vi tek likevel atterhald om moglegheita til å registrere at du har trekt samtykke/medlemsskap tilbake, dersom det er nødvendig for å hindre at vi sender deg informasjon eller marknadsføring til deg.

Kven deler vi opplysningane med?

Vi formidlar ikkje dine personlege opplysningar vidare. Vi har avtale med tredjepart når det kjem til rekneskap- og faktureringstenester og påmeldingssystem til arrangement. Disse har også strenge krav til gjeldande lovverk for personvern.  

Du kan når som helst kreve innsyn i kva informasjon vi har om deg eller be om å bli sletta frå våre lister.

Informasjonskapslar

Maritimsfj.no nyttar informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at vi kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi nyttar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc, er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.

Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

Eigar: Squarespace/Google Analytics

Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.

Tredjepartsleverandørar

Kinn Regnskap handterer rekneskap og fakturering. Adresse Magnus Thingnesgate 1, 6900 Florø. Kontakt på 57 75 14 30 eller post@kinn-regnskap.no.

Local-Host er vår databehandlar. Adresse Gate 1 101, 6700 Måløy. Kontakt på 57 84 99 99.

Pindena er vår leverandør for påmeldingssystem. Adresse Bjellandsveien 24, 3172 Vear. Kontakt på 33 80 65 00 eller post@pindena.no.

Vi er tildelt klyngestatus av Innovasjon Norge for vårt project Ocean Hyway Cluster. Dette medfører at vi må ta i bruk ein klyngeportal hvor informasjon om våre medlemmer er registrert. Adresse: Akersgata 13, 0158 Oslo, Norge. Kontakt + 47 22 00 25 00.

Innsyn, retting og sletting av personinformasjon

Etter personopplysningsloven § 18 har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å henvende seg til Maritim Forening Sogn og Fjordane på e-post: post@maritimsfj.no. Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningsloven § 27.  


Ansvarleg databehandlar

Dagleg leiar i Maritim Forening Sogn og Fjordane as er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til einkvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern.

Lurer du på noko?

For spørsmål om personvernerklæringa eller bruk av personleg informasjon kan du kontakte oss på e-postadresse post@maritimsfj.no

Sist oppdatert 13.06.2018.