Ocean Hyway Cluster

 

Året 2016 markerte starten på Hub for Ocean sin hydrogenaktivitet. Hydrogen er ein energiberar som kan bidra til å redusere klimagassutslepp i maritim næring.

Etter fleire prosjekt og etablering av ein årleg internasjonal hydrogenkonferanse, var det tydeleg at maritim hydrogen var noko som trengte auka fokus. Det blei bestemt at Hub for Ocean skulle danne ei eiga maritim hydrogenklynge - Ocean Hyway Cluster og søke opptak i det nasjonale klyngeprogrammet. Dette er eit statleg finansiert klyngeprogram som skal bidra til verdiskaping gjennom berekraftig innovasjon.

Ocean Hyway Cluster kom gjennom nålauge som Arena klynge i 2019 og gjekk vidare til neste nivå Arena Pro i 2022. Les meir om nivåa her.

Ocean Hyway Cluster er drifta av Hub for Ocean, og er ei nasjonal klynge med eige medlemsskap og styre. Dersom du er interessert i hydrogen til maritimt bruk eller vil vite meir om korleis klynga jobbar, sjå Ocean Hyway Cluster si nettside eller ta kontakt med oss i administrasjonen.