Om menneska

 
1S0A0878.jpg

Stein Kvalsund

Dagleg leiar
Mobil: +47 976 98 785
post: stein(a)maritimsfj.no

Stein var med å starte MFSF i 2012 og har mange års erfaring med utviklingsarbeid frå både privat og offentlig sektor. Stein er ein kreativ, entusiastisk og samarbeidsorientert person som søkjer etter nye løysingar gjennom synleggjering og nettverksbygging mellom personar og verksemder. 

Stein har ein mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing frå Høgskulen i Volda. I tillegg har han eit årsstudium i bedriftsøkonomi, samt eit Management Program i samspel og leiing frå Handelshøyskolen BI. 

 

 

1S0A0846.jpg

Maria Brandsøy

Leverandørutviklar
Mobil: +47 905 23 543
Epost: maria(a)maritimsfj.no

Maria vart tilsett i 2016 og kom frå ei stilling som Executive Assistant i FMC Technologies (no TechnipFMC). Maria ønskjer å vere ein døropnar for medlemmane våre inn mot nye kundar og marknader. Ho er opptatt av å synleggjere kompetansen i fylket og å bidra med relevant informasjon til medlemmane om trendar og moglegheiter.

Maria har ein mastergrad i International Business Management frå Newcastle University og ein bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media frå Høgskulen i Volda. I tillegg har ho eit årsstudium i økonomi og leiing frå Høgskulen i Ålesund.


1S0A0856.jpg

Trond Strømgren

Seniorrådgivar fornybar energi og hydrogen verdikjede
Mobil: +47 402 98 729
Epost: trond(a)maritimsfj.no

Trond har arbeidd hos oss sia 2014. Han har allsidig erfaring frå 30 års arbeid i offentleg og privat sektor. Trond arbeider med emne kopla til marin fornybar energi og verdikjede hydrogen i eit regionalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Han har eit stort nettverk, særleg relatert til maritim bruk av hydrogen.

Trond er sivilingeniør frå NTNU med ein mastergrad frå Institutt for energi og miljø. I tillegg har han teke vidareutdanning innan ulike fagområde. 

1S0A0821.jpg

Kristin Svardal

Leverandørutviklar
Mobil: +47 905 12 728
Epost: kristin(a)maritimsfj.no

Kristin vart tilsett i 2017, og kom frå ei stilling som seniorkonsulent logistikk i Statoil ASA (no Equinor). Ho har tidlegare vore tilsett i Sparebanken Sogn og Fjordane med erfaring innan leiing, prosjekt og sal. For Kristin er det viktig å legge tilrette for gode møteplassar som gir auka verdiskaping for medlemmane våre. 

Kristin har ein Bachelor of Business Administration, samt eit Management program i endringsleiing frå Handelshøyskolen BI. Ho har og gjennomført eit leiarutviklingskurs innan relasjonsleiing.


Stig Johnny 01liten.jpg

Stig Johnny Eide

Leverandørutviklar
Mobil: +47 400 85 546
Epost: stigjohnny@maritimsfj.no

 

Stig Johnny starta i Maritim Forening hausten 2018. Han har bakgrunn
som kunderådgjevar frå Gjensidige Forsikring og Sparebanken Sogn
og Fjordane.

Stig Johnny har kontorstad Måløy, og ynskjer å vere med å legge til rette
for auka samhandling, verdiskaping og kompetanse både i Måløy og
i fylket elles.

Han har utdanning frå Universitetet i Bergen, med samanliknande politikk.
I tillegg har han studert medievitenskap og informasjonsteknologi ved
høgskulen i Volda.