Back to All Events

Ocean Space - riggbesøk Scarabeo 5

Torsdag 23. oktober inviterer Ocean Space til riggbesøk på Scarabeo 5. Riggen ligg ved Westcon Yard i Florø. Vi startar med pizza i Westcon si kantine, før vi får ei omvisning på riggen.

Kva er Ocean Space?

Har du interesse for teknologi eller realfag? Bur du i Sogn og Fjordane og går i 9. eller 10. klasse eller på videregåande skule? Då kan du bli med på Ocean Space.

Du vil få oppleve spennande bedriftsbesøk, noko som gir deg verdifull kontakt med næringslivet.
Realfag- og teknologikompetanse vil gi deg store mogelegheitar i yrkeslivet i framtida. Nærleiken til fjordar, hav og skjærgard i Sogn og Fjordane gir grunnlag for vekst innan mellom anna havbruk, skipsbygging og petroleumsnæringane. 

Ocean Space er etablert og blir drifta av Maritim Forening Sogn og Fjordane, GCE Subsea og Høgskulen på Vestlandet. Deltaking er gratis.

Meld deg på via vår Facebook side Ocean Space.