Westcon Yards Florø med fleire nye kontrakter

Westcon Yards i Florø har bygd seg opp kompetanse og erfaring over fleire år innan bygging av subseastrukturer, og det at kundane kjem igjen med nye oppdrag er ein attest på at dei er fornøyd med både leveranse og samarbeidet med verftet.

 

Nyleg fekk dei tildelt ei ny kontrakt frå Deep Ocean, der dei skal produsere ein 36 tommers spool til Deep Ocean, som skal monterast på Johan Sverdrup- feltet. Denne veka signerte dei også ei kontrakt med same kunde, for levering av riser- anker til Snorre Expansion prosjektet. Spoolen skal leverast 1. kvartal 2019, medan dei 14 ankera har planlagt levering mai neste år. Prosjektleiar Subsea hos Westcon Group, Ole Anders Smørdal,  er fornøgd med at dei leverer til nokre av dei viktigaste og mest omtalte utbyggingsprosjekta i Norge dei siste åra. 

 

Også Technip FMC har fått Westcon Yards på leverandørlista, og har no signert avtale om bygging av 6 subsea-plettar. Strukturane skal installerast på Fenja feltet i 2019 (4 stk.) og 2020 (2 stk.).

 

Ytterlegare fire tankar til Karmsund Protein

Det er ikkje berre på Subsea det skjer på verftet for tida. I september starta dei på arbeidet med å bygge fire 32 meter høge tankar som skal nyttast som fiskemelsiloer, i tillegg til ein 14 meter høg tank for fiskeolje. Westcon Yards har tidlegare levert åtte 32-meters tankar til same kunde, og står bak alt frå engineering til montering av tankane. Når tankane er ferdig bygd, skal dei sveisast fast på ein nordsjølektar for frakt vidare til Karmsund fabrikken på Husøy. Etter planen skal Westcon vere ferdig med monteringa på Husøy i januar.

 

Kontraktene er i millionklassen, og er med på å sikre aktiviteten ut i 2019. Plassjef Mikael Johansen trur subseakontraktene dei no har signert berre er starten, og han er optimistisk med tanke på ordretilgangen til verftet framover. 

Kristin Svardal