Wergelandgruppa og PSW Group signerer kontrakt for bygging og drift av Europas største tørrdokk

Wergelandgruppa signerte i dag ein avtale med PSW Group  for bygging og bruk av Europa’s største tørrdokk for boreriggar og flytende installasjonar.

Wergelandgruppa står for bygginga av tørrdokka medan PSW Group sin del av avtala omfattar all aktivitet knytt til inspeksjon, reparasjon og vedlikehald av boreriggar, boreskip, bustad-og-støtteriggar og fartøy.  Arbeidet på tørrdokka som er lokalisert i Gulen industrihavn, Sogn og Fjordane, er allereie i gang, med forventa ferdigstilling i 2020. Med ei opprinneleg lengd på 200 meter (opsjon på ytterligare 100 meter), breidde på over 100m og djupne på 25m, vil dokka vere den største av sitt slag i Europa, og dimensjonert til å ta imot samtlege typar borefartøy og riggar. Det nye verftet, som har fått navnet «PSW Yard» vil gje full tilgang til rigg / fartøy frå tre sider og dermed dramatisk redusere vedlikehaldstida.

Administrerande Direktør i PSW Group, Oddbjørn Haukøy, er svært fornøgd med samarbeidet med Wergeland, og meiner den nye dokka vil styrke heile området: «PSW Yard er eit utruleg viktig steg i vår strategi rundt vidareutvikling av livssyklustenester til rigg-marknaden. Saman med Wergeland har vi no muligheiten til å gjere området til eit kompetansesenter i verdensklasse, noko som vil ha ringverknader i heile regionen».

Kristin Svardal