Vindmølleskip nummer åtte for Havyard

Havyard kunngjer det åttande designet og bygging av nytt vindmølleskip for havvind-pionerane ESVAGT. Utrusting skjer ved verftet i Leirvik.

2018%2B12%2Bhavyard%2Bvindm%25C3%25B8lle.jpg

Havyard var blant dei første med spesialbygde skip til offshore vindmølleparkar og har dei siste åra følgt opp med ei rekke av både design og bygging av vindmølleskip. Denne kontrakta styrkar den gode posisjonen Havyard har som størst på vindmølleskip.

Dette er det åttande Havyard-designet og det sjette vindmølleskipet som skal utrustast ved Havyard Ship Technology i Leirvik. Det skal leverast til ESVAGT første kvartal 2021. Skipet skal i arbeid for vindkraftselskapet MHI Vestas og operere i havmølleparken Moray East på britisk sektor.

Gisle Vinjevoll Thrane, Salsansvarleg i Havyard Design & Solutions seier dei ser ei veksande interesse for offshore vindenergi både i Europa og i resten av verda. Vindparkane blir bygd stadig lenger frå kysten og behovet for spesialskip aukar.

På bilde: Havyard 831 L SOV, foto: Havyard

Maria Brandsøy