Vi tar pulsen på medlemsverksemda Dfind Engineering

Dfind Engineering.JPG

Medlemsverksemda Dfind Engineering er ein del av verdas nest største rekrutteringsselskap, Randstad. Dfind er spesialisert på rekruttering av ingeniørar, teknisk personell og prosjektadministrasjon for tekniske verksemder. Vi har tatt ein prat med Tor Førde.

 

Fortell oss litt om status i di verksemd?

Vi jobbar med fleire rekrutteringar mot olje og gassbaserte selskap, maritim sektor og mot fornybar energi. Dei fleste av konsulentane vi har engasjert jobbar i desse marknadane no. Vi har signert nye kontrakter den siste tida, men dei er ikkje offentlege enda. Mange av våre kundar ønskjer ikkje at vi går ut med samarbeidet vårt, dei ønskjer å halde ein lav profil.

Vi opplever at aktiviteten er stigande over heile linja, og det er veldig kjekt å sjå.

 

Fortell oss litt om marknaden Dfind er ein del av

Vi har eit auka tal utleieoppdrag/ utleieforespurnader, det tyder på gode tider. Rekrutteringane vi gjer er og i stor grad for å styrke våre kundar sine organisasjonar, det tyder og på gode tider.

 

Olje og gass har auka spesielt, men vi ser og gode trendar innan fornybar energi. Dei to største kundane våre nasjonalt er innan olje og gass og fornybar energi. Vi ser ein liten dipp innan bygg og anleggsbransjen, men ikkje noko drastisk.

 

Kva kompetanse er strategisk viktig i di verksemd

Vi er i ein prosess no der vi forsøker å legge ein kabal for 2019. Vi skal tilsette fleire personar på våre avdelingar i Bergen, Stavanger og Oslo. Kompetanse, tal og lokasjon gjenstår å sjå. Vi fast tilsette ein senior elektroingeniør forrige veke som skal jobbe som konsulent.

For vår del internt, er det bransjekunnskapen og evna til å forstå våre kundar og deira organisasjonar som er viktig. Våre konsulentar bør helst vere multidisipline innanfor sine fagfelt.

 

Kva tenker du om framtida?

Det er mange nye regelverk som er på trappene. GDPR har ført til at vi må jobbe på ein heilt anna måte, og vi har vært nødt til å skifte systemer. Vi ser og at vi, på grunn av nytt regelverk, kan bli nødt til å tilsette fleire konsulentar også i Sogn og Fjordane.

Dei nye lovendringane kan føre til at mykje av vår bransje blir snudd på hovudet, det gir alltid moglegheiter. Eg ser og at det «det grønne skiftet» har gitt oss ein ny og allereie robust marknad.

 

Korleis kan Maritim Forening bistå inn i framtidsbildet?

Eg syns det verkar som at Maritim Forening klarar å skape sterke band mellom dei lokale verksemdene. Om dette skapar ønska synergier er vel opp til kvar enkelt verksemd.

Det skjer masse positivt i fylket, det er mange gode ideear som kan skape moglegheiter. Eg svarer det samme som sist; ein treng god rekruttering for å få ideane ut i live og hovuder og hender som kan utføre. Rekrutteringa tilbake til fylket/ til fylket kjem til å vere ei av dei viktigaste sakene for næringslivet i Sogn og Fjordane. Maritim Forening må fortsette og halde fokus på dette, og kanskje styrke det.

Kristin Svardal