Vekst i industrien gir omsetningsauke for ProffPartner

ProffPartner er Maritim Foreining Sogn og Fjordanes nyaste medlem og held til på Evja i Florø. Dei opna butikken i 2012 med mål om å ha det breiaste og beste utvalet til industrien i vårt nærområde. Berre hittil i 2018 har butikken opplevd ei auke på ca. 20 % i omsetning. Dagleg leiar Malvin Knapstad seier at bakgrunnen for omsetningsauke er blant anna ein oppgang i industrien. Malvin har mange lojale kundar innan både mekanisk industri og offshore og han merkar at marknaden er begynt å livne til igjen.

Motstraums

Det er ikkje til å legge skjul på at mange verksemder har hatt nokre tøffe år og trenden har vore å redusere varelager. Her går ProffPartner mot straumen og ønsker å tilby kundane eit godt og variert utval av varer på lager. «Dersom ein er midt i arbeidet og noko blir øydelagt har ein ikkje lyst å miste verdifull arbeidstid på å vente i fleire dagar på nytt utstyr. Då skal kunden vere trygg på at ProffPartner kan bistå på kort tid». Malvin legg til at ProffPartner i tillegg er ein del av Ahlsell, som er nordens leiande distributør innan VVS, VA, elektro, industri, bygg, samt verktøy og arbeidsklær. Med eit stort lager på Gardermoen er det ikkje fare for å gå tom. Så dersom noko manglar på lager i Florø kan Malvin og gjengen på Evja legge inn bestilling før kl. 16.00 og ha det på klart kl. 08.00 morgonen etter. 

Sjølv om Malvin har god kjennskap til lokalt næringsliv ser han verdien av å delta på ulike nettverksarena. Maritim Forening kan i haust vise til både store nettverkssamlingar og konferansar samt mindre, effektive samlingar som speed date og minileverandørtreff (sjå arrangement her). Her kan ein møte både kundar, leverandørar eller potensielle samarbeidspartnarar. Vi ønsker ProffPartner velkommen og er glade for å ha dei med i nettverket !

 

Maria Brandsøy