Styrker banda til japanske leverandørar

Ocean Hyway Cluster har vore deltakar og medarrangør på den norske standen på FC EXPO, verdas største brenselcelle- og hydrogenmesse i Tokyo. Frå 27. februar – 1. mars er messa ein viktig møteplass for industriaktørar frå heile verda, med 270 utstillarar og over 10.000 besøkande.

Japansk-Norsk samarbeidsseminar

Dagen før messa arrangerte Innovasjon Norge eige seminar ved Den Norske Ambassaden i Tokyo. Seminaret blir skipa for å styrke banda mellom næringsliv og FoU i Japan og Norge. Både japanske og norske aktørar heldt innlegg. Trond Strømgren representerte Ocean Hyway Cluster og formidla om den norske satsinga på maritim hydrogenteknologi. Seminaret var svært populært, og Innovasjon Norge måtte av plassomsyn stoppe påmeldinga ved 90 deltakarar.

Brenselceller til maritim bruk

Det er ei utfordring for industrien å levere lette og kompakte brenselcelleløysingar som samstundes ikkje er alt for dyre. Japanske aktørar er langt framme på produksjon av brenselceller til automotiv bruk. Fleire av aktørane arbeider no med å utvikle maritime applikasjonar. Ocean Hyway Cluster har no etablert gode relasjonar til fleire japanske brenselcelleprodusentar. Vi har som målsetting å bidra til at desse produsentane tilpassar sine maritime løysingar til behovet i Norge og Europa og at prisnivået bli lågare enn det vi opplever i dag. Ein av leverandørane kan levere heavy duty brenselceller med levetid på 80.000 timar.

Felles utfordringar

Trond Strømgren deltok på same seminar og messe for to år sia. – Eg opplevde no mykje større openheit blant dei japanske aktørane, seier Strømgren. – No var det meir fokus på korleis redusere CO2-utslepp. Samstundes var formidlinga frå japansk side om deira prosjekt meir ope enn tidlegare. Som maritime nasjonar har Japan og Norge mykje til felles og eg trur vi kan utvikle eit nært samarbeid som kan styrke den maritim satsinga i begge landa, avsluttar Strømgren.

Svært god organisering

Innovasjon Norge og Den Norske Ambassaden spelar ein svært viktig rolle i forhold til å etablere gode relasjonar til japansk næringsliv. Dei to partane organiserte seminaret, la til rette for messestanden og gjorde avtalar om møte med japanske firma og aktørar. Kjennskapen til lokal kultur, bedriftsmarknad og FoU-aktørar er avgjerande for styrking av banda mellom Japan og Norge. Den norske standen hadde deltaking frå Norsk Hydrogenforum, Ocean Hyway Cluster, Cerpotech, GKP7H2, H2 Shipping, NEL og Sintef.

 

Ein del av dei norske deltakarane og ambassadepersonalet samla på den norske standen. Ambassadør Signe Brudeset i midten. Foto: Den Norske Ambassaden

Ein del av dei norske deltakarane og ambassadepersonalet samla på den norske standen. Ambassadør Signe Brudeset i midten. Foto: Den Norske Ambassaden


Kristin Svardal