Strukturplast snart i nytt bygg

Vi var i går på besøk hos Strukturplast på Sandane. Bedrifta som utviklar og produserer komponentar med basis i herdeplasten polyuretan, fortel om god aktivitet. Dagleg leiar, Frode Lindvik og leiar for sal og marknad, Håvard Andre Svarstad, er stolte over å kunne vise fram det nye bygget som tek form like ved det eksisterande produksjonsanlegget. 1 april er datoen bygget skal stå ferdig. Totalt er nybygget på 2600 m2. 2 x 400m2 utgjer administrasjonsdelen som inneheld 25 kontor, kantine og andre fasilitetar. Resten er produksjonsområde og lager. Bygget er sjølvsagt isolert med skum av polyuretan. Maritim Forening Sogn og Fjordane ynskjer medlemsbedrifta lukke til med fullføringa av bygget.

2019 01 Strukturplast nybygg1.jpg
Stig Johnny Eide