Denne veka tar vi pulsen på: Stadt Sjøtransport

Stadt_Sjøtransport.jpg

Denne veka tar vi pulsen på medlemsverksemda Stadt Sjøtransport. Dei har hatt stort fokus på kvalitetssikring første halvår, og er no i sluttfasen av prosjektet som skal ISO sertifisere verksemda. Vi har tatt ein prat med dagleg leiar Per W. Saltvedt.

Fortell oss litt om status i di verksemd

Rundt årsskiftet flytta vi inn i nye kontorlokale på Kolkaia 1 i Florø, og her trivs vi godt. Eit hovudfokus for oss i første halvår har vore kvalitetssikring av selskapets leveransar. Fleire av våre kundar etterspør kor vi står i forhold til kvalitetssikring/ ISO, og vi håpar over tid at sertifiseringa vil gjere oss meir attraktive i marknaden. Prosjektet er no i sluttfasen og vi reknar med å få sertifikata for ISO 9001 – 2015 og 14001 – 2015 i løpet av dei neste vekene.

Hovudaktiviteten vår er havnebukseringar og slepeoppdrag, men vi yter og assistanse til skipsverft i området.

I vår bransje svingar det veldig, men så langt har aktiviteten vore jamnt over bra.

Fortel oss litt om marknaden Stadt Sjøtransport er ein del av

Våre kundar befinn seg i stor grad på Vestlandet. Vi syns det er teikn på litt meir aktivitet offshore og det vil ofte føre til høgare aktivitet også for vår del. Vi ser og ein svak vekst i eksport av råvarer frå kundane våre, noko som medfører høgare etterspurnad etter våre tenester.

Kva kompetanse er strategisk viktig for di verksemd

Vi er alltid på utkikk etter maritim kompetanse (sjøfolk). Vi vurderer og å styrke oss kommersielt og søkjer kandidatar med kompetanse frå mekling/ systematisk sal. Vi søkjer primært å rekruttere frå nærområdet.

Kva tenker du om framtida?

Vi er optimistiske med tanke på framtida og trur at lokaliseringa her i Florø er perfekt for vidare utvikling av verksemda. Det fins fleire strategiske utviklingsløp for vår del. Eit av desse er retta mot oppdrettsnæringa, kor vi trur at det kan vere gode moglegheiter for våre kapabilitetar.

Korleis kan Maritim Foreining Sogn og Fjordane bistå inn i framtidsbiletet?

Maritim Forening gjer ein stor og imponerande jobb som tilretteleggar for nettverksbygging innan maritim sektor, og vi har hatt stor nytte av å vere med på dei ulike aktivitetane. Vi har tru på at dei initiativa som blir teke mot andre næringar (offshore/ oppdrett/ energi) og meiner at dette er ein god strategi for auka verdiskaping.

Gasta Design