Stabil drift gir nok eit godt halvårsresultat

Ei pressemelding frå Fjord 1 viser at verksemda fekk eit resultat etter skatt på 229,4 millionar kroner i første halvår 2018 av ein omsetnad på 1 505,5 millionar kroner.

Administrerande direktør i Fjord 1, Dagfinn Neteland er spesielt tilfreds med resultatet for første halvår; i ein periode kor det er tatt levering av fem fartøy, og starta opp tre nye samband.

Fjord 1 er no godt i gong med omstillingsprosessen i frå tradisjonelle dieselferjer til elektriske ferjer. I  2020 vil 28 elektriske ferjer vere i drift, som ein del av konvertering frå konvensjonell til elektriske ferjedrift.

- Det er samtidig stor aktivitet på anbodssida. Fjord 1 har delteke i fleire store anbod så langt i år, og fleire store anbodsprosessar vil kome i løpet av hausten,fortel Neteland.

Mot slutten av året får Fjord 1 levert ytterlegare fem ferjer; der to ferjer skal operere på strekninga Brekstad-Valset, og tre ferjer skal mellom anna skal operere på sambandet  Hareid-Sulesund .

- Nybygga er med på å elektrifisere den norske ferjenæringa, og vi i Fjord 1 er stolte over å vere ein leiande aktør innan det grøne skiftet, seier Neteland.

Maria Brandsøy