Satsing på regionale prosjekt i havrommet

Petter Bakke, Ottar J. Aare og Eivind Birknes

Petter Bakke, Ottar J. Aare og Eivind Birknes

I dag tok vi turen til Sikkerhetssenteret i Måløy, der dei feira med kake og gledar seg over at Fylkestinget nyleg har løyva 165 millionar kroner til to ulike prosjekt knytta til Måløy Vidaregåande skule.

100 millionar kroner er satt av til eit nytt opplæringsfartøy. Direktør i Hurtigbåtforbundet, Ottar J. Aare, fortel ivrig om ein skulebåt som skal ha plass til 12 elevar og lærarar, og som skal byggjast i kompositt eller stål. Båten blir eigd og skal drivast av Fylkeskommunen.

Vidare fortel dagleg leiar ved Sikkerhetssenteret, Eivind Birknes, at dei saman med Fagskulen også har fått løyva 65 millionar til rehabilitering/ utbygging av skulebygget. Her ynskjer dei å utvide talet på elevar, få større og fleire klasserom, samt å få på plass ein aquahall for undervisning. Alle desse satsingane er viktige for regionen vår, seier Birknes.

I tillegg kan vi gratulere stiftinga Måløy Marine Ressurssenter, som har fått innvilga tilskot på 15 millionar kroner, for å skape eit marint forskningssenter.

Saman er dette absolutt ein milepæl for kysten i Sogn og Fjordane

Stig Johnny Eide