Origod AS klar med kursdatoar for pakking, plassering, sikring og transport av last

Før jul skreiv vi at Nærtenesten, no Origod AS, var igjennom nålauget hos Equinor, med godkjenning som leverandør av kurs i pakking, sikring og transport av last, samt brukerkontroll av lastebærarar. No er alt på stell og det er sett opp 5 kursdatoar før påske.

 

Det er mange aktørar i varestraumen frå og med leverandør, vegtransport fram til forsyningsbasen, innan baseområdet og fram til fartøy. Og likeeins i varestraumen frå innretning til fartøy, frå fartøy ved kai og vidare i returkjeden. Desse aktørane må ha rett kompetanse for å sikre god risikoforståing og dermed unngå uønska hendingar.

 

Det første kurset er sett opp allerede 15., 16. og 17. januar. Komplett kurskalender finn du her

 

Påmelding til kurset skjer enten på heimesida, eller ved direkte kontakt til Jon Ole Solheim på telefon 951 17 653, eller epost jon.ole.solheim@origod.no.

Kristin Svardal