Ocean Space - Selstad AS

I går hadde vi gleden av å ha med oss nesten 20 elevar frå Måløy Vidaregåande Skule på bedriftsbesøk hos Selstad AS i Måløy. Vi starta ettermiddagen med servering av pizza og brus på møterommet, medan ein engasjert Thomas Hjelle frå Selstad AS presenterte bedrifta. Vi hadde også ei flott omvisning på bedrifta sitt hovedkontor og anlegg., inkludert tauproduksjonen som går døgnet rundt. Dagleg leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag, Henriette Skaar, hadde også satt av tid til å være med oss, saman med fleire interesserte lærarar og øvrige tilsette ved bedrifta. Her håpar vi at fleire ungdomar fekk inspirasjon til å sjå framtidige moglegheitar for lokalt arbeid i ei internasjonal havbasert næring.

Ei stor takk til Selstad AS som tok godt imot oss.

Selstad prod 1.jpg
Stig Johnny Eide