Ny satsing i 2019

Ocean Hyway Cluster (OHC) blei tatt opp i Norwegian Innovation Clusters sitt arenaprogram den 8. november 2018. OHC er ei arenaklynge for alle bedrifter som ser seg sjølve som del av den nasjonale hydrogenverdikjeda, og skal drivast som eit program i regi av Maritim Forening Sogn og Fjordane (MFSF).

Organiseringa for gjennomføring av programmet er på plass. Sigmund Frøyen er engasjert som prosjektleiar i programperioden, i tillegg har dei tilsette i MFSF sentrale roller i OHC.

Vi ser stadig nye prosjekt innan hydrogen under planlegging og lansering, og vårt arbeid blir å utvikle nye og eksisterande møteplassar der vi synleggjer bedriftene som satsar på hydrogen. Vår rolle vert også å koble både nasjonale og internasjonale aktørar saman slik at bedriftene kan realisere forretningsmessige moglegheiter innanfor ein ny og revolusjonerande teknologi.

7. januar kallar vi inn til det første medlemsmøtet, påmelding kjem neste veke. Har du hydrogenverksemd i dag eller planlegg slik aktivitet bør du teikne medlemskap. Vi ønsker mange velkomne både som medlemmar og samarbeidspartnarar.

2018 12 Organisasjon OHC.JPG.png
Kristin Svardal