Vi har fått ny nettside!

maritimsfj_screenshot2.jpg

Vi hadde behov for eit enklare og meir fleksibelt verktøy for å kunne publisere nyheitssaker om medlemsbedrifter og arrangement.

Maritim Forening Sogn og Fjordane er opptekne av å bli endå betre på å synleggjere våre flotte medlemsbedrifter og skape dei gode møteplassane.

Til dette er vi avhengig av gode verktøy og vi har difor oppdatert nettsida vår. Nytt design skal gjere det enklare å finne informasjon om våre arrangement og vise at vi er ein god døropnar til den havbaserte næringa.

Til utvikling av den nye webløysinga fekk vi hjelp av Gasta design & kommunikasjon, som har lang erfaring med digital kommunikasjon. Dei er den mest erfarne i landet på det nye publiseringsverktøyet vi valde, Squarespace.

Med dette verktøyet blir det enklare for oss å skape innhaldet som er viktig, både for medlemmar og for dei som kan tenkje seg å bli det.

Vi håper du likar det nye designet! Har du tilbakemeldingar - positive eller negative - send det gjerne til Maria eller Kristin.

PS! Om kort tid skal vi også få på plass den engelske versjonen av nettsida.

Gasta Design