Ønsker du ekstra profilering på Nor Shipping 2019?

Maritim Forening Sogn og Fjordane har standplass på Maritime Bergen sin fellesstand i år.

På Nor Shipping treff ein leiande bedrifter frå heile den maritime verdikjeda, og messa er ein anerkjent arena for strategiske avtalar og nettverksbygging.

 

Vi ønsker å gi medlemmane våre ein muligheit til å marknadsføre si bedrift på standen vår. I tilbodet får ein logoen på ein foliert vegg på standen, muligheit til å ha marknadsmateriell tilgjengeleg, samt ein base på Nor Shipping om ein planlegg å besøke messa. Prisen er sett til kroner 9000.

 

Vi er i gang med å planlegge standen, og treng derfor ei tilbakemelding på om dette tilbodet er av interesse. Send ein e-post til kristin@maritimsfj.no

Kristin Svardal