NSB og Fjord 1 går saman om ny reiselivssatsing

Målsetjinga er å etablere ein sterk sals- og marknadsføringsportal som skal marknadsføre Noreg som ein miljøvennleg reiselivsdestinasjon også internasjonalt, seier Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord 1.

NSB-konsernet og Fjord 1 har inngått ein intensjonsavtale om å etablere eit nytt reiselivsselskap, som dei to selskapa skal eige 50 prosent kvar. Målet med reiselivsselskapet er å tilby miljøvennlege reiselivspakkar over heile Noreg, utvikle nye turistdestinasjonar og bidra til heilårsturisme.

NSB og Fjord 1 siktar mot å etablere selskapet rundt 1. mars 2019.

Les meir og reiselivssatsinga på Fjord 1 sine heimesider.

Kristin Svardal