Nærtenesten gjennom nålauget hos Equinor

Logo nærtenesten.png

Vi vil gratulere Nærtenesten med godkjenning som leverandør av kurs i pakking, sikring og transport av last, samt brukerkontroll av lastebærer. Dagleg leiar, Torleif Hjermann, er svært fornøgd med å ha kome gjennom nålauget hos Equinor. Godkjenninga gjeld frå 02.01.2019, og innebærer at Nærtenesten enno betre kan levere det oljeindustri, transportører og industri generelt treng av dei som kursleverandør.


Hjermann fortel vidare at for Florø betyr det at dei ikkje treng å sende folk til ut av fylket i fleire dagar, og det som følg med av fly, hotell, overtid for å gå på kurs osv. Vi kan bidra til auka sikkerhet, kontinuerlig utvikling av viktige prosessar, og ta del i et nasjonalt nettverk med dei som er godkjente for å utvikle beste praksis. Er vi flinke nok, vil vi kunne få mange tilreisande for å gå på dette aktuelle kurset. Dei må og ha forkunnskap G11 –løftertedskap, som vi også kan tilby. Kurs blir starta opp allereie tidleg i januar.

Stig Johnny Eide