Maritim Forening deltek i banebrytande prosjekt

Trond Strømgren deltok i 2016 på ein idelab i regi av Forskningsrådet. Samlinga hadde som formål å styrke konkurranseevna og møte omstillingsbehov i norsk næringsliv. Det var også sterkt fokus på å fremme det grønne skiftet og skape nye aktivitetar med utgangspunkt i dei norske havbaserte næringane.

Deltakarane blei inndelt i grupper og fekk i oppgåve å jobbe fram potensielle prosjekt som fremma formålet til Forskningsrådet. Trond si gruppe vann førstepremien med eit prosjekt som skulle utvikle løysingar for stabil offshore energiproduksjon basert på hydrogenteknologi i kombinasjon med flytande havvind.

Ein av deltakarane på gruppa var frå FMC Technologies (no TechnipFMC) og bedrifta har i etterkant tatt over rettigheitene til prosjektet. I snart to år har Maritim Forening jobba tett saman med TechnipFMC, Sintef og Subsea Valley på dette prosjektet og no er det endeleg klar til lansering ! Vi er spent på forsetjinga!

Du kan lese meir i denne artikkelen Firdaposten skreiv om saka (open for alle).

Maria Brandsøy