Leverandørtreff Global Fish Florø

2018 11 Global Fish leverandørtreff2.jpg

I går hadde Maritim Forening Sogn og Fjordane leverandørtreff for Global Fish i Florø. Teknisk sjef Helge Langeland og Bjørnar Brendø starta treffet med å syne oss rundt på det nye anlegget i Gunhildvågen. Ein entusiastisk Langeland beskriv fortsatt fabrikken som eit anleggsområde, der dei bygger opp nødvendige fasilitetar. Men allereie har dei landa 13000 tonn fisk i fabrikken. Turen går gjennom nye og gamle fryseanlegg. Mykje moderne produksjonsutstyr er kome på plass, der det aller meste er automatisert. Lukta av maskiner og fisk sit i godt i den nyoppussa fabrikken, men alt er ryddig og grundig vaska. Nye filetmaskiner blir installert og finjusterte. Utviklinga i fiskeindustrien har vore enorm sidan sist det var produksjon i det samme bygget.

Tida er komen for at leverandørane får presentere seg og kva dei kan tilby Global Fish, så vi samlar oss i administrasjonsbygget. Interessante presentasjonar blir gått gjennom, og det virkar som at her kan det være moglegheiter for fleire å gjere forretning.

Vi takkar både Global Fish og alle leverandørane for deltakinga, og ser fram til å høyre om kva resultat som kjem ut av leverandørtreffet, og gler oss over ny aktivitet i fabrikken.


2018 11 Global Fish leverandørtreff1.jpg
Guest User