Hafborg bygger hos Westcon Yard Florø

2018_05_Gulenskyss.jpg

Hafborg bygger hos Westcon Yard Florø

Hafborg har starta arbeidet på ambulansebåt til Gulenskyss hos Westcon Yard Florø

Tidlegare denne månaden blei det klart at Maritim Partner AS i Ålesund har signert byggekontrakt for leveranse av ambulansekatamaran til Gulenskyss AS i Eivindvik. Fartøyet er teikna av Berserk Design og skal byggast i komposittmateriale, som gir lang haldbarheit og lav vekt. Med lenge og breidde på høvesvis 20,4 m og 7,2 m går fartøyet med ein toppfart på ca. 30 knop. Arbeidet med bygging av skrog og overbygg er satt vekk til verksemda Hafborg, som vidare kontakta Westcon Yard Florø for assistanse.

Eit ledd i ein strategi for å auke aktivitet ved verftet

Ettersom Westcon hadde ledig areal, har dei stilt dette til rådigheit for Hafborg. Ronny Kjerpeseth hos Westcon Yard Florø kan fortelje at to mann frå Hafborg allereie er i gang å bygge former, og etterkvart vil fleire komme til når dei kjem i gang med støypinga. Per no er det ikkje behov for arbeidskraft frå verftet, men Ronny er klar på at dei har moglege ressursar å bidra med seinare i prosjektet om det blir behov. Totalt sett kan Westcon tilby både areal, ressursar samt kost og losji til dei tilreisande arbeidarane. Avslutningsvis fortel Ronny at sjølv om arbeidet per no hovudsakeleg genererer leigeinntekter og ikkje arbeidstimar, så er det eit ledd i ein langsiktig strategi for å auke aktiviteten ved Westcon Yard Florø.

Foto: Gulenskyss

Gasta Design