Godt samarbeid gir rask etablering for Global Fish

39875618_541615066295712_6049643019043340288_n.jpg

På vekas Nor-Fishing tok vi ein prat med dagleg leiar i Global Fish Geir Hoddevik, ordførar i Flora kommune Ola Teigen og administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane Trond Teigene. Dei er alle viktige brikker i den føreståande etableringa av Global Fish i Gunhildvågen. 

I begynnelsen av april kom nyheita om at Global Fish kjøpte anlegget til Pelagia i Florø. Seinare har det komt fram at opp mot 55 personar har takka ja til å bli med frå anlegget i Egersund, som no stenger ned. Sjølv om mange er sesongarbeidarar er dette gledelege nyheiter for Florø, som blant anna får auka skatteinntekter. Anlegget til Global Fish skal vere oppe og gå i september og den tidlegare kapasiteten på 550 tonn i døgnet vil bli nærmast dobla.

Hoddevik legg ikkje skjul på at han er fornøgd med det lokale samarbeidet i samband med etableringa i Florø. Han gir skryt til ordførar Ola Teigen for rask handtering og god tilrettelegging frå Florø kommune. Han trekk også fram Sparebanken Sogn og Fjordane som ein offensiv medspelar som satsar på lokalt næringsliv. Hoddevik legg ikkje skjul på at dei to partane var viktige for å realisere flytting av anlegg til Florø på ein rask og god måte.

Maritim Forening er i dialog med Global Fish om eit leverandørtreff på produksjonsanlegget til hausten, både for å sjå kva dei har fått til og kva som kan komme av leverandørmoglegheiter framover. Vi kjem tilbake med meir informasjon og ønsker Global Fish velkommen tilbake til sildebyen og lykke til med opninga !

 

Guest User