Flora Hamn KF satsar på miljø

Fredag 7. desember plasserte Flora Hamn KF ein Port Bin i gjestehamna i Florø. Port Bin er ei oppsamlingsløysing for flytande, martint søppel, og samlar opp blant anna plast, flasker og tau.
Driftsleiar Ørjan Storesund er imponert over uniten så langt, og kan fortelle at allereie etter ti minuttar i drift så hadde det begynt å samle seg boss i avfallssamlaren.  

Bergen Havn er ei anna havn som har investert i Port Bin, og dei plasserte denne ut i Vågen våren 2017. Sidan hausten 2017 har elevar ved Rothaugen Skole vore med og samla, registrert, sortert og tald avfallet som er samla i avfallssamlaren.  Flora Hamn KF har invitert ein skule i Florø til å bli med på tilsvarande forskningoppgåve.

Port Bin er utvikla av det norske selskapet Spilltech, og innretninga er basert på prinsipp frå oljevernteknologi.

Ein Port Bin gir reinare hamner, gir nyttig informasjon om kva boss som havnar i sjøen og kan bidra i det haldningsskapande arbeidet mot publikum. Vi håpar fleire lar seg inspirere til å investere i denne teknologien, avsluttar Storesund.

 

Begge bilde henta frå Spilltech AS

Begge bilde henta frå Spilltech AS

Kristin Svardal