Fjord 1 får drifte Romsdalspakken vidare

Fjord 1 er tildelt kontrakta for ferjesambanda Sølsnes-Åfarnes, Molde-Sekken, Solholmen-Mordalsvågen og Aukra-Hollingsholm. Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding torsdag.

Kontrakta inneber ein omfattande reduksjon av C02-utslepp, bruk av fossilt drivstoff og samla sett lågare energibruk.

Regionleiar i Fjord 1 Erlend Toftesund er glad og audmjuk for tildelinga.

- Vi vann anbodet og er sjølvsagt svært glade for dette. Fleire av fartøya skal over på eldrift / hybride løysningar. No ser vi fram til å jobbe vidare med desse sambanda som vi kjenner veldig godt frå før, betene kundegruppene som nyttar sambanda, og å utvikle Fjord1-kulturen mot det grøne skiftet. Vi takkar for tilliten som er vist og er klar til å levere tenesta ovanfor oppdragsgjevar og dei reisande. Stor takk skal rettast til eit samla lag frå Fjord 1 knytt til denne leveransen. Vi konstaterer også at det er svært gledelig at verdien vår «samhandling» viser resultat i praksis, seier Toftesund.

Reduksjon av utslepp

Det vil frå 2024 bli fasa inn elektriske plug-in ferjer på sambanda Sølsnes-Åfarnes og Aukra-Hollingsholm. Ved å sette inn miljøferjer reduserast C02-utsleppa med 7 209 tonn årleg. På sambandet Sølsnes-Åfarnes er det krav om to nye fartøy.

Kontrakta startar i 2020

Den nye kontrakta startar opp 1. januar 2020 for sambanda Molde-Sekken, Solholmen-Mordalsvågen og Aukra-Hollingsholm. Sambandet Sølsnes-Åfarnes startar opp 1. januar 2022.  

Fjord 1 kan bruke overgangsmateriell på Sølsnes-Åfarnes og Aukra-Hollingsholm fram til miljøferjene skal fasast inn. Det blir nye kaianlegg på sambandet Sølsnes-Åfarnes frå 2024.

Kontraktsummen er 2,260 milliardar kroner. Karensperioden for tildeling er 10 dagar.

Maria Brandsøy