Equinor tildeler vindmøllekontrakt til Wergeland Base

Vi gratulerer Wergeland Base som i dag blei tildelt kontrakt med Equinor for samanstilling av flytande vindturbinar på Hywind Tampen.

Hywind Tampen kan bli verdas første prosjekt der havvindturbiner brukast til å elektrifisere olje- og gassinstallasjonar. Det kan redusere CO2-utslepp fra dei fem olje og gassplattformene på Snorre- og Gullfaksfeltet med meir enn 200.000 tonn i året.

Gulen Industrihamn / Wergeland Base skal stille med areal for lagring, samanstilling og ferdigstilling av komponentar til vindturbinane, i tillegg til nødvendig infrastruktur og fasiliteter i prosjektperioden.

Les meir om saka på Petro.no.

Maria Brandsøy