Elektrisk bilferje i kompositt frå miljøet i Måløy

Easyform har stått for utviklinga og designet på den nye elektriske ferja, som skal gå i rute mellom Barmsund og Barmen, i Selje kommune, frå juni 2019. Den heilelektriske bilferja er den fyrste i kompositt som også kan frakte farleg last. Skroget har vore testa hos Stadt Towing Tank, og Nordwest 3D har stått for visualiseringa. Båten blir produsert i sandwich-kompositt og med glasfiber som armering. Vi besøkte nyleg Easyform, og blei imponert av den store produksjonshallen og det moderne utstyret for fresing av formene til ferja.

 

Dagleg leiar, Erlend Kvalheim, trekk fram miljøet i «Teknopollen», og seier at utan kompetansen i dette miljøet, ville det ikkje vore mogleg å byggje ferja. Ferja skal byggjast på Måløy Verft, og blir 30 meter lang, og 11 meter brei,  og er kontrahert av reiarlaget Vidar Hop Skyssbåter AS.

Kristin Svardal